Kaninbyen handlar om ein vaksen mann, Jonny Roxmann, som kritiserar mykje og blir fort irritert over blant anna samfunnet, utlendingar og oppførselen til folk. Jonny Roxmann er ein mann som tidlegare har vore politimann, men fekk sparken. Nå er han ute etter å tene nokre pengar. Han nølar ikkje når han får ting til å gå sin veg, enten han må stela, lyga eller banka opp nokon. Jonny bur i kolonihagen i Stavanger, og tenkjer at å selje potetar han sjølv dyrkar på Gladmatfestivalen er ein lettvint måte å tene pengar på. Før Gladmatfestivalen begynner, blir Jonny forelska i ein asiatar, Kim. Vanlegvis kan Jonny lett liggja rundt med forskjellige jenter, men nå er det følelsar involvert og alt virke ikkje lovande med Kim.
Boka er samfunnskritiserande frå Jonny si side, fordi han seier og tenkjer så mykje negativt. Jonny verkar som ein litt forstyrra person, tankane hans er veldig negative og kritiserande, spesielt når det gjeld utlendingar, gamle kjente og samfunnet generelt. Han liker betre dei som held kjeft og tenkjer likt som han, at du aldri skal stole på nokon. Det er fleire verkemidlar som får fram at Jonny kritiserar ting, for eks. det at han brukar eit grovt språk, både når det gjeld banning og måten han framstiller ting på, i tillegg seier han mykje ”hæ?”, akkurat som om nokon liksom kan seie noko i mot det han har sagt.
Overskrifta Kaninbyen blir nemnt i boka, for det er det Jonny kallar Stavanger. Han snakkar om at i Stavanger så ligg folk rundt og knullar som kaninar. Eit eksempel er når Jonny er ferdig på Gladmatfestivalen og skal dumpe potetvogna si utanfor kaien for å få pengar igjen på forsikringa, så ser han ein bil kor to ”..satt i framsetet og knulla så vilt og hemningslaust at heile bilen gynga”.
For ungdommar kan kanskje Kaninbyen vere keisam for boka vorte skrivi i 1. person, noko som gjer at det er mykje tankar og ein del prating i boka. I tillegg til at det kan vere vanskeleg å forstå meininga med boka, men elles er det ei bok som får deg til å undra korleis den endar og ein kan sei det er ein raud tråd gjennom heile boka. Kaninbyen viser mykje av Stavangers dårlege sider, men er truverdig fordi hendingane er noko som ein gjerne har høyrt før, men som man ikkje snakkar så mye om.
- Rein Arild, 2008 Det Norske Samlaget. Kaninbyen
- Herget Silje, Aftenbaldet.no - «Kaninbyen» seiret suverent. Oppdatert: 08.05.08 Lokalisert: 19.05.10 URL: http://www.aftenbladet.no/kultur/Kaninbyen-seiret-suverent-2376166.html